Arr: Fjellkyrkjelaget
Lina, Karl, Ingrid og Hallvard stod for mykje av musikk og song denne kvelden. I tillegg framførte David jolesongar, og Venke las 2 fine joleforteljingar. God stemning blant dei 27 som trossa minus 33 grader.
Dette var blues på sitt beste! Stor steming blant dei 54 som var i Fjellkyrkja denne februar kvelden!
Vipps nr. er 519358
Arr: Fjellkyrkjelaget
Arr: Kyrkja og Fjellkyrkjelaget
Det er høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja!
Det vart ein flott dag der det møtte fram ca. 60 personar frå dei fleste kommunane i Vest-Telemark, samt frå Drangedal og Valle. Fri Flyt sine songar var både friske og hadde gode og varme tekster. Ei blanding av humor og alvor pregar desse samlingane, og denne dagen var ikkje noko unntak. Gunhild frå Valle gav oss båe delar, fyrst las ho frå Salme 121, deretter fekk ho forsamlinga med på litt trim. Litt Fleip eller fakta fekk folk med seg, og der var Venke, David og Gunstein flinke til å forvirre/overtale. Svara sprikte i alle retningar, og det var også poenget.
Ei dame vi har blitt kjent med frå Ukraina frå tidlegare møte, song ein song på sitt morsmål om fred i verda.
Biletet er tatt i 2023 då vi hadde sist Gla'song kveld. Fleire vert med denne gongen.
Inngangspengar kr. 150,-
Vipps, kontantar eller terminal
Før konserten vert det servert kaffi og sjokolade!
VELKOMEN!
Arr. Fjellkyrkjelaget