Skafsåheii Fjellkyrkje

Fredag 7. februar kl. 1800 i Fjellkyrkja

Team Valborg med Per Emanuelsen og Valborg Nomeland kjem for å formidle "Kunsten å leve"

Per var den fyrste diakonen i Vest-Telemark, og er frå Kristiansand. Han er nå prostidiakon i Øvre Setesdal. Han drog i gang prostidiakonstillingane i Otredal prosti og i Aust-Nedenes prosti.

Valborg har MS, og har sete i rullestol i 40 år. Ho er frå Rysstad. Valborg har heile tida vore eit samfunnsengasjert menneske som aldri har latt seg stoppe sjølv om ho gradvis har tronge meir og meir hjelp i det daglege. Ho har alltid hatt fokus på alt det ho har igjen, samt at livet er godt. Hennes motto er: Det man ikke kan få, det nytter det ikke å tenke på.

Både Valborg og Per har med bøker dei har skrive, og som det er mogleg å få kjøpt.

Velkomen til ein interessant kveld, der vi også får servert ambrosiabrød med kaffi og te.

Arr: Fjellkyrkjelaget