Fredag 28. februar kl. 1900
Tema kveld: FRED
Dalen fotoklubb er invitert til å presentere bilete der temaet er "fred". Bileta vil bli kommentert undervegs.
Forslag: Fisketur
Kvelden vil også innehalde ulike innslag som alle vil underbygge temaet, som allsang, dikt og opplesing
Enkel servering
Høve til å gje eit gåve til drift av Fjellkyrkja
Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget
Tesfalde, fribygdforfattar , heldt eit tankevekkande innlegg om fred. Han har sjølv måtta flykte frå Eritrea med familien.
Basaren i Fjellkyrkja
Skjærtorsdag kl. 1200-1600
I tillegg til basarbordet vil det bli åresal
Sal av rjomegraut, pølse, kaker, kaffi og brus
Kan betale med kontantar, vipps eller nettbank
Velkomen innom!
Arr: Fjellkyrkjelaget
Styret i Fjellkyrkjelaget vil takke alle som på ulike måtar har støtta opp om basaren. Det kom inn brutto kr. 70300,-. Det er vi svært takksame for!
Åge Samuelsen konsert
Laurdag 26. april kl. 1900
Vi får besøk av Dag Arne Saltnes som i i fleire år har framført songar av "broder Åge".
Truleg har han med seg ei gruppe frå Kr.sand som kallar seg "The Good Old Boys".
Du får kaffi og sjokolade før konserten!
Inngangspengar: kr. 150,- Vipps eller kontantar.
Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget
Fjellkyrkjestemnet 1.pinsedag 8.juni
Gudsteneste kl. 1100 v/Hallvard N. Jørgensen
Gjesten vår, Tore Thomassen, vert med under gudstenesta
Kollekt til drift av Fjellkyrkja
Varm mat med kaffi og kaker kr. 225,-
Tore Thomassen er både tekstforfattar, musikar og songar. Han har skrive bøker og musikalar. Hans gode humør smittar over på publikum. Han vil ta over programmet etter matøkta.
Velkomen!
Arr: Kyrkja og Fjellkyrkjelaget
Vi over 60
Onsdag 3. september kl. 1200 i Fjellkyrkja
Per og Monika de Lange
Velkomen til ei hyggeleg samling i Fjellkyrkja. Her møtast folk frå store delar av Vest-Telemark og Setesdalen .
Det vert lapskaus , kaffi og kaker. Pris kr. 225,-
Diverse underhaldning
Høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja.
Gjester: Per og Monica de Lange
Per og Monika har eit rikhaldig repertoar av salmer, kristne songar og tradisjonelle folkesongar. Dei formidlar songane på ein sprudlande og engasjert måte som fenger godt blant "vi over 60".
Påmelding innan onsdag 27. august til Olav Haugo tlf. 41191974, Tahar Haddad tlf. 95106156 eller Gunstein Seltveit tlf 90170465
Arr: Pensjonistlaga i Mo/Byrte og Dalen og Fjellkyrkjelaget