Program 2022

Lina Sandell 1832-1903

Lina Sandell kveld i Fjellkyrkja

Fredag 4. februar kl. 1900

Velkomen til ein kveld der Lina Sandell vil bli presentert i ord, song og tonar.

Anne Tempelen og Lina Haugholmen står for presentasjonen godt assistert av Hallvard Jørgensen på gitar og Robertas Lamsodis på piano.


Lina Haugholmen Anne Tempelen


Hallvard N. Jørgensen Robertas Lamsodis

Lina Sandell har laga mange flotte songar. Blant dei mest kjente er: Ingen er så trygg i fare, Blott en dag og O, Jesus, opne du mitt øye.

Det vert enkel servering. Høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja

Påmelding til tlf. 90170465 innan onsdag 2. februar

Vi tek atterhald om endringar i programmet. Annonse i VTB fredag 28. januar

VELKOMEN!!

Årsmøte i Fjellkyrkjelaget

Torsdag 24. februar kl. 1900 i Fjellkyrkja
Vanlege årsmøtesaker
Enkel servering
Alle medlemar velkomne!

Gudsteneste
Sundag 27. februar kl. 1100

Prest: Hallvard Jørgensen
Ofring til drift av Fjellkyrkja
Kyrkjekaffi
Velkomen!

Digital basar!
Lotteritilsynet har godkjent at Fjellkyrkjelaget har ein digital basar til drift av Fjellkyrkja.
Det vert høve til å ta lodd frå den 18.mars tilmed den 27. april

Trekking torsdag 28. april
Pris pr. lodd: kr. 20,-
Vipps: 510358 Bankkontonr. : 1506.03.94897
Hugs namn, telefonnummer og merk "basar"

Brukskniv med Lio blad
Vevd løpar
Finn Schjøll vase
4 heimestrikka genserar
Toalett mappe med innhald - kan hengast på vegg
Knivsett i 5 delar
Rosemåla bryneskopp med bryne

Trekking 28. april
Advokat Olav Felland var med under trekkinga.

Desse var dei heldige vinnarane:

Toalett veske med toalettsaker: Hallvard N. Jørgensen
Gyro Homme (2 gevinstar) : Vevd løpar og brukskniv med Lio blad
Jacques Booij : Rosemåla bryneskopp med bryne
Anne-Grete og Gunstein Seltveit: Finn Schjøll vase
Gunhild Espetveit: Genser
Trond Gaastjønn: Genser
Hege Karin Berdalen Kittilsen: Knivsett
Torhild Hellstrand: Genser
Olav Johre: Genser
Gullbjørg og Andreas Haugholmen: Genser

Det kom inn kr. 22400,- til drift av Fjellkyrkja:
Styret i Fjellkyrkjelaget vil takke alle som har støtta opp om denne digitale basaren. Reknar med å kunne arrangere basar i Fjellkyrkja med smørgraut og anna i 2023!

Gunstein Seltveit, leiar i Fjellkyrkjelaget



"Rom for tekst - ro for tone"

med Robertas Lamsodis og Aasmund Nordstoga

Fredag 1. april. kl. 1900

Robertas vil gje oss musikalske opplevingar når han presenterer romantisk musikk på piano.
Aasmund vil på si side gje oss smakebitar frå litteraturen.

Kaffi og Twist vert servert før arrangementet begynner

Inngangspengar Vaksne kr. 150,- Born: kr. 100,- Vipps: 510 358 eller kontant

VELKOMEN

Arr: Fjellkyrkjelaget og Tokke kommune






Gudsteneste Påskeeftan kl.1100

Prest: Hallvard Jørgensen
Organist: Robertas Lamsodis

Ofring til drift av Fjellkyrkja Vipps 510 358

VELKOMEN INNOM!


Støttekonsert for Ukraina
fredag 20. mai kl. 1900 i Fjellkyrkja

Trubadurane David Johansen og Arne Johannesen deltek med visesong.
Vi får også besøk av ein gjest frå Ukraina
Det vert stort sett norske viser, blant anna av Erik Bye
Enkel servering
Høve til å gje ei gåve til "Hjelp til Ukraina"

Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget

Arne Johannesen og David Johansen

Ca. 50 frammøtte fekk ein kveld med mykje flott visesong utført av 2 samkjørte trubadurar! Venke bandt det heile saman på ein framifrå måte. Intervjuet med ukrainske Anna var også tankevekkande. Det kom inn kr. 9000,- som vil gå til Leger uten grenser i Ukraina. Takk til alle som tok vegen til Fjellkyrkja denne kvelden i mai, og ikkje minst takk til David og Arne for flott sang og engasjement.


Fjellkyrkjestemne sundag 19. juni

Kl. 1200 Gudsteneste v/Hallvard N. Jørgensen
Kollekt til drift av Fjellkyrkja
Flekkerøy Sangkamerater besøker oss!
Dei vert med under gudstenesta, og har opplegget etter at vi har vore opp til Café Hallbjønn og forsynt oss med lapskaus. Lapskaus kr. 160,- inkl. kaffi og kake.

Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget og kyrkja

Flekkerøy Sangkamerater



VI OVER 60

Laurdag 27. august kl. 1200 i Fjellkyrkja
Igjen møtast vi over 60 frå store delar av Vest-Telemark og Setesdalen til eit populært treff.
Gjest denne gongen er Frode Moltemyr, ein multimusikar.



NB: Vi har denne gongen endra dag frå ein onsdag til ein laurdag sidan vegen over heia til Setesdalen er stengt på virkedagar.

Velkomen!

Frode Moltemyr

Vi får lapskaus brakt ned frå Café Hallbjønn. Kr. 160,-
Kaffi og kake gratis

Det vert også litt anna underhaldning

Høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja Vipps 510358

Påmelding innan fredag 19. august til Olav Haugo tlf. 411 91 974 eller Gunstein Seltveit tlf. 90170465

VELKOMEN!

Arr: Fjellkyrkjelaget, Byrte/Mo pensjonistlag og Dalen pensjonistlag




Gladsangkveld - Hausttakkefest
Fredag 7. oktober kl. 1900

Gjester: Sang og musikk: Herdis, Øyvind og Hallvard Jørgensen og Helge Johannesen
Instrument: Gitar, piano og saxofon
Helsing frå tidlegare prest i Tokke, Jarle Bryne

Markering av at det er hausttakkefest
Servering av lapskaus, kaffi og kaker

Høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja!

Velkomen!

Arr: Fjellkyrkjelaget