Program 2020

Fredag 7. februar kl. 1800 i Fjellkyrkja

Team Valborg med Per Emanuelsen og Valborg Nomeland kjem for å formidle "Kunsten å leve"

Per var den fyrste diakonen i Vest-Telemark, og er frå Kristiansand. Han er nå prostidiakon i Øvre Setesdal. Han drog i gang prostidiakonstillingane i Otredal prosti og i Aust-Nedenes prosti.

Valborg har MS, og har sete i rullestol i 40 år. Ho er frå Rysstad. Valborg har heile tida vore eit samfunnsengasjert menneske som aldri har latt seg stoppe sjølv om ho gradvis har tronge meir og meir hjelp i det daglege. Ho har alltid hatt fokus på alt det ho har igjen, samt at livet er godt. Hennes motto er: Det man ikke kan få, det nytter det ikke å tenke på.

Musikalske innslag

Både Valborg og Per har med bøker dei har skrive, og som det er mogleg å få kjøpt.

Velkomen til ein interessant kveld, der vi også får servert ambrosiabrød med kaffi og te.

Arr: Fjellkyrkjelaget

Gudsteneste i Fjellkyrkja sundag 16. februar kl. 1900

Prest: Anne Marie Tempelen

Ofring til drift av Fjellkyrkja

Velkomen!

Årsmøte i Fjellkyrkjelaget

Tysdag 25. februar kl. 1900

Vanlege årsmøtesaker

Det vert servert brødmat med kaffi og te

Gamle og nye medlemar velkomen!

Songkveld fredag 13. mars kl. 1900

AVLYST GRUNNA CORONA VIRUSET

Det vert allsong, duett og solo song

Piano, gitar og saxofon

Gjester: Herdis og Øyvind Jørgensen, Hallvard N. Jørgensen og Helge Johannesen


Enkel servering!

Takksam for ei gåve til drift av Fjellkyrkja.

Arr. Fjellkyrkjelaget

Basar i Fjellkyrkja Skjærtorsdag 9.april kl. 1300-1600

AVLYST VELKOMEN NESTE PÅSKE!

Sal av smørgraut, rjomegraut, pølser, kaker, vaflar, kaffi og brus

Gjennomgangslodd på basarbordet, men også eige bord med hovudgevinstar:

Vi har VIPPS og terminal, men fint med kontantar.

Trekking kl. 1600

Gevinstar tas imot med takk!

Arr: Fjellkyrkjelaget


Gudsteneste Påskeaften 11. april kl. 1800

Ofring til drift av Fjellkyrkja

AVLYST!

Velkomen!

Vårkveld med Fredheimkoret

Avlyst i år, men håpar vi får koret neste vår!

Fredag 24. april kl. 1900 i Skafsåheii Fjellkyrkje

Velkomen til ein kveld med mykje flott song og musikk!

Fredheimkoret frå Kviteseid tel ca. 50 personar med songarar og musikarar.

Enkel servering Kollekt til drift av Fjellkyrkja

VELKOMEN!

Arr: Fjellkyrkjelaget

Fredheimkoret m/dirigent Rolf Inge Johansen

Fjellkyrkjestemnet sundag 21. juni kl. 1100

Avlyst grunna korona dessverre. Vonar vi får Flekkerøy sangkameratene til neste års stemne!

Vi startar kl. 1100 med Gudsteneste

Flekkerøy sangkameratene vert med oss under gudstenesta og etter matøkta som er oppe på Café Hallbjønn. Her får vi servert lapskaus, kaffi og kaker til kr. 150,-. Deretter vender vi attende til Fjellkyrkja.

Mykje flott song og musikk!

Kollekt til drift av Fjellkyrkja

Velkomen!

Arr: Eidsborg, Mo og Skafså sokneråd saman med Fjellkyrkjelaget

Vi over 60 Onsdag 2. september kl. 1200

Kl. 1200 ynskjer vi velkomen, og det vert litt ymse underhaldning og allsong fram til mat kl. 1230

Vi får besøk av Klara Hansen og Torbjørn Steinhaug frå Melum

Det blir mykje frisk song og musikk som passar godt for vi over 60!

Ca. kl. 1230 vert det lapskaus, kaffi og kling til kr. 150,-

Etter matøkta vil Klara og Torbjørn overta.

Det er høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja!

Arr: Pensjonistlaga i Mo/Byrte og Dalen samt Fjellkyrkjelaget

Påmelding innan fredag 28. august til Olav Haugo tlf. 411 91 974 eller til Anne Lise E. Andersen tlf. 980 40 458

VELKOMEN!

Klara og Torbjørn

Konsert laurdag 19. september kl. 1900

Dag Arne Saltnes og The Good Old Boys

Denne kvelden får vi mykje frisk gospel song og musikk.

Dag Arne er ein kløpper på gitaren, og han har med seg ei gruppe frå Kristiansand.

Inngangspengar kr. 150,-

Vi har Vipps og terminal

Det vert servert kaffi og sjokolade ved inngangen, så kom litt i god tid!

Arr: Fjellkyrkjelaget

Vi ynskjer velkomen og innrettar oss etter gjeldande smittevernreglar!

47 frammøtte og svært flott kveld med god stemning


Vi syng gamle og nye jolesongar!

Laurdag 5. desember kl. 1800 i Tokke kulturhus

Fleire musikantar vert med der vi vil kome saman og synge jolesongar. Det vert også andre innslag, blant anna vil Tokke skulemusikk vere med oss denne kvelden.

Vi vil bli plassert i kinostolane som er faste installasjonar, diagonalt overfor kvarandre. Salmebøker vert utdelt
Vi fylgjer vanlege smittevernstiltak.

Det er høve til å gje ei gåve til drift v Fjellkyrkja og til EMS sokneråd


Påmelding til Trond Gaastjønn tlf. 900 71 268

VELKOMEN!

Arr: Fjellkyrkjelaget og EMS sokneråd


Arr: Fjellkyrkjelaget og EMS sokneråd


Vi tek atterhald om endringar i programmet

Open kyrkje sundag 20. desember kl. 1800-1900

Skafsåheii fjellkyrkje opnar dørene ein times tid. Det vert høve til lystenning. Juleevangeliet vert lest opp kl. 1845. Vi syng julesongar.
Julekrybba står framme.

VELKOMEN INNOM!