"Diakonal gang gjennom Vest-Telemark i 35 år"
Skafsåheii Fjellkyrkja fredag 6. mars kl. 1900
Prostidiakon Eilev Erikstein vil gje oss eit tilbakeblikk på dei 35 åra han har vore prostidiakon her i Vest-Telemark.
Han vil formidle inntrykk gjennom bilete og tale.
Allsong
Kaffi og kake
Høve til å gje ei gåve till drift av Fjellkyrkja.
Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget
Taras og Nadia, båe frå Ukraina, han busett på Dalen og ho i Valle, fann tonen!
David imponerte med 3 flotte viser
Skjærtorsdag kl. 12 med trekking kl. 1500
Mange flotte gevinstar
Åresal
Sal av rjomegraut og risgraut , pølse, kaffi, kaker, vaflar og brus
Høve til å kjøpe lodd ved å vippse 510358 fram til dagen før.
Hugs namn, og telefonnummer dersom du ikkje er der når vi trekker.
Gjennomgang kr. 30,-
Velkomen innom!
Arr: Fjellkyrkjelaget
Basaren i år var svært godt besøkt, og brutto kom det innn litt over kr. 70000,- Degt er vi svært nøgd med. Takk til alle som på ulike måtar har gjort sitt til at vi også i år kunne ha basar i Fjellkyrkja.
Fredag 8. mai kl. 1800 i Fjellkyrkja
Hilde og Bjarne Nordhagen kjem på besøk.
Tema for kvelden blir: "Refleksjoner, tanker og dikt basert på fem drosjeturer i Oslo!"
Det blir spanande å få besøk av Hilde og Bjarne. Temaet for kvelden bør gjere oss nysgjerrige!
Enkel servering.
Kollekt til drift av Fjellkyrkja
Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget
Om lag 30 frå ulike stader i Vest-Telemark fekk oppleve ein flott kveld der Hilde og Bjarne på ein engasjert måte fekk oss til å reflektere over viktige ting i liva våre. Det å bli sett og verdsett, vere klar over at vi alle har noko vi fryktar i liva våre. Det bør vi erkjenne og vere ærelge med. Ofte skjer det ei endring bare ved å erkjenne det. Vi fekk presentert både skjemt og alvor gjennom dikt og forteljing. Takk til Hilde og Bjarne og alle frammøtte!
Fjellkyrkjetreff i Lårdal
Sundag 7. juni i hagen til Hege og Carlos
Kl. 1100 Gudsteneste v/Hallvard Jørgensen
Matøkt: Lapskaus, kaffi og kaker
Program etter mat:
Lokale aktørar vil bidra med song og musikk
Allsong
Kollekt
Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget og Høydalsmo og Lårdal sokneråd
"Vi over 60" i Skafsåheii Fjellkyrkje
Onsdag 3. september kl. 1200
Vi får besøk av 4 musikalske kameratar frå Oslo og Kragerø: Harald Nesset - song, Tore Ulleberg - piano, Kay Andre Wachter - bass og Svein Andresen - trommer
Kvartetten presenterer varierte musikalske godbitar frå kjente viser, salmer, gospel og jazz. Tilhøyrarane vert utfordra til å vere med på allsong. Det heile vert bunde saman når Tore Ulleberg tek oss med til ettertankar rundt tekstar og uttrykk.
Du får kjøpt lapskaus
Kake og kaffi etterpå
Kjem attende med meir informasjon, mellom anna når det gjeld påmelding.
Velkomen!
Arr: Fjellkyrkjelaget og Dalen pensjonistlag