Program

12. dag jol i Fjellkyrkja
Fredag 5. januar 2024 kl. 1900

Velkomen til Skafsåheii Fjellkyrkje for å synge jolesongar!
Tradisjonen tilseier at det vert servert jolekake og kakao.
Lokale song og musikk krefter deltek.
Andakt v/Hallvard Jørgensen
Gåve til drift av Fjellkyrkja

Arr: Fjellkyrkjelaget


Lina, Karl, Ingrid og Hallvard  stod for mykje av musikk og song denne kvelden. I tillegg framførte David jolesongar, og Venke las 2 fine joleforteljingar.  God stemning blant dei 27 som trossa minus 33 grader. 

Blues konsert i Fjellkyrkja
v/"Bluespastoren" Jon "Rev.John" Ultvedt

Fredag 9. februar kl. 1900


Dette var blues på sitt beste! Stor steming blant dei 54 som var i Fjellkyrkja denne februar kvelden!

Gudsteneste sundag 25. februar kl.1100
Kaffi og vaflar etter gudstenesta
Årsmøte i Fjellkyrkjelaget etter kyrkjekaffien.
Velkomen!

Basar i Fjellkyrkja Skjærtorsdag kl. 1200
Trekking kl. 1600

Velkomen til basar i Fjellkyrkja! Som vanleg vert det høve til å vinne flotte gevinstar. Det vert åresal, og ein liten auksjon.
Du får kjøpt smørgraut, rjomegraut, byggmjølsgraut,pølse, vaflar, kake, kaffi og brus.
Du kan betale med kontantar, Vipps eller nettbank.

Vipps nr. er 519358

Arr: Fjellkyrkjelaget

Takk til alle som bidrog til at basaren vart svært vellukka. Mange har vore med både i forkant, under basaren og i etterkant. Takk til alle som gav gevinstar som gjorde at basarbordet hadde mange flotte ting å vise fram. Åresalet var populært, likså ein liten auksjon. Takk til Lina og Hallvard for eit avbrekk under basaren med nydeleg song som høvde godt til den tida vi er inne i nå.
Brutto kom det inn ca. kr. 70000,-, noko vi er svært nøgd med. 


Songkveld med Oddvar Høgevoll
Fredag 3. mai kl. 1900

Songen til Oddvar er  prega av countrymusikken.  Han nyttar ofte playback når han er ute og  opptrer.
Kollekt til drift av Fjellkyrkja

Velkomen denne vårdagen i mai!

Arr: Fjellkyrkjelaget

Fjellkyrkjestemne sundag 9. juni kl. 1200

Gudsteneste kl. 1200 v/Hallvard Jørgensen
Gruppa Salig Blanding frå Notodden er med oss denne dagen

Etter gudstenesta blir det lapskaus på Café Hallbjønn
Etter middagen vil Salig Blanding ta over programmet i Fjellkyrkja

Det vert høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja
Velkomen!

Arr: Kyrkja og Fjellkyrkjelaget

"Vi over 60" i Fjellkyrkja
Onsdag  4. sept. kl. 1200
Besøk av gruppa "Fri Flyt" frå Seljord
Varm mat, kaffi og kaker
Arr: Pensjonistlaga i Mo/Byrte og Dalen samt Fjellkyrkjelaget
Påmelding innan  torsdag 29. august til Olav Haugo, tlf 41191974, Tahar Haddad, tlf. 95106156 eller Gunstein Seltveit, tlf. 90170465
Velkomen!

"Gla'song kveld" ein gong i  slutten av september eller byrjinga av oktober. Mykje bedehussongar! Lokal krefter deltek. Enkel servering!
Arr: Fjellkyrkjelaget

Julekonsert med Roar Engelberg, panfløyte og organist Jorunn Myre, orgel,  i  Fjellkyrkja
Fredag 22. november kl. 1900