Om fjellkyrkja

VEDTEKTER FOR FJELLKYRKJELAGET VEDTEKE PÅ STIFTINGSMØTE DEN 7.FEBRUAR 2011

§1  Skafsåheii Fjellkyrkje er eigd av Tokke kyrkejelege fellesråd, som og har det formelle drivaransvaret. Fjellkyrkjelaget er eit eit sølvstendig støttelag som har til føremål å skaffe midlar til drift og utbygging, organisere dugnadsarbeid og få til aktivitet i Fjellkyrkja etter grunnreglar som er nærare avtalt med fellesrådet.
Fjellkyrkjelaget er definert som eit arbeid innanfor Den norske kyrkja. Verksemda skal fremje kristen tru og kristent liv i samsvar med kyrkja si sjølvforståing som  «vedkjennande, misjonerande, tenande og open.» 

§2  Alle som vil arbeide for Skafsåheii Fjellkyrkje i samsvar med laget sitt føremål, kan bli medlemar i  laget mot å betale årskontingent.

§3  Fjellkyrkjelaget og den verksemda laget har ansvar for, vert leia av eit styre med 7 medlemar. På årsmøtet vert leiaren vald særskild for eitt år. Styremedlemane vert valde for 2 år. Etter det fyrste året går 3 styremedlemar ut. Det vert vald minst 2 varamedlemar til styret. Funksjonstida er 2 år. Eitt av varamedlemane er på val etter eitt år. Styret vel sjølv nestleiar og skrivar.
Styremøte vert halde så ofte leiaren finn det naudsynt, eller når ein styremedlem krev det. Styret er vedtaksfør når minst 4 medlemar er til stades. Det vert ført protokoll over styremøta.
Leiaren kan ta avgjerd i mindre viktige saker. Avgjerda skal bli referert i fyrste styremøte. Styret kan engasjere folk til einskildoppgåver eller til komitéar for ulike oppgåver. Styret står for utleige av Fjellkyrkja etter reglar og satsar fastsett av Fellesrådet.

§4  Styret kallar saman medlemane til årsmøte i løpet av februar kvart år. Årsmøtet vert kunngjort minst 14 dagar i førevegen i VTB, på laget si heimeside og evt. på andre måtar.

Årsmøtet handsamar:
Styret si årsmelding
Budsjett for inntekter ein må skaffe i løpet av året.
Val av leiar, styremedlemar og varamedlemar.
Val av valnemnd på 2 medlemar. Funksjonstida er 2 år. Eitt av medlemane er på val etter eitt år.
Årsmøtet fastset årskontingenten.
Evt. andre saker.

§5  Etter avtale med fellesrådet skal Fjellkyrkjelaget sine inntekter og utgifter gå inn på eigen konto for Fjellkyrkjelaget. Ein føresetnad i avtala er at Fjellkyrkjelaget overfører midlar til Fellesrådet, slik at årlege utgifter vert dekt. Det overskytande kan Fjellkyrkjelaget disponere etter eige ynskje.
Kyrkejverja fører rekneskapen for Fjellkyrkjelaget.

§6  Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal.

 

STIFTINGSMØTE

Torsdag den 17. februar var det stiftingsmøte i fjellkyrkja. Det markerte slutten på 20 år med Fjellkyrkjekomitéen. Denne vart oppretta av Skafså sokneård i 1990. Eit nytt lag kom i staden: Fjellkyrkjelaget. Det vert nå årsmøte kvart år i februar/mars. Vedtektene til laget vart også vedteke på dette møtet. Desse kan ein få ved å kontakte leiaren i Fjellkyrkjelaget.

 

Ifylgje vedtektene er Fjellkyrkjelaget eit sjølvstendig støttelag som har som føremål å skaffe midlar til drift og utbygging, organisere dugnadsarbeid og få til aktivitet i Fjellkyrkja etter grunnreglar som er nærare avtalt med Fellesrådet.

Alle som vil arbeide for Skafsåheii fjellkyrkje i samsvar med laget sitt føremål, kan bli medlemar i laget mot å betale årskontingent på kr. 200,-.  Dei som ynskjer å bli medlemar, kan kontakte leiar på tlf. 350 77736, 90170465 eller på e-post gunstein@seltveit.no , eller ein av dei andre i styret.

Vi er takksame for små og store gåver til kyrkja. Kontonr. er 2685 55 02150

Denne kontoen vert disponert av Fjellkyrkjelaget.

Takk for all støtte!

 

I 2017 fekk vi nytt (bruka) lydanlegg i kyrkja. Miksebord plassert oppe på hemsen. Høgtalarar på stativ, handsfree mikrofon og mikrofon på øyret.
 

NYTT INSTRUMENT I KYRKJA
Det gamle pianoet vårt er ifylgje pianostemmar og organist ikkje godt nok til å stette dei krava vi bør setje for eit godt instrument. Vi har difor gått til innkjøp av eit nytt Clavinova CLP-370. Det er eit kjempeflott instrument som vi ser fram til at flest mogleg får høve til å prøve. 

 KJELLARETASJEN  I FJELLKYRKJA

Tokke kyrkjelege fellesråd har sett i gang ein prosess for å berekne kostnadane ved utbygging av kjellaretsajen.  Kjellaren vil då få overnattingsplassar til 23-25 personar. Det vert kjøkken/opphaldsrom, kjøkkenbod, 2 stk. toalett og 2 stk. dusjar. Tanken er at kjellaretasjen kan leigast ut til lag/organisasjonar/grupper.
Vi har ein god del av det som trengs av stolar og bord. Vi har også det meste av anna utstyr til kjøkkenet. Det vi manglar er pengar til å finansiere byggeprosjektet. Vi ser at kombinasjonen fjellkyrkje og overnattingstilbod er svært attraktivt. Tokke kyrkjelege fellesråd har ansvaret for ei eventuell utbygging av kjellaren. Kontakt kyrkjeverja, Bjørnar Christensen, dersom de har innspel i denne saka på tlf. 90877188
I 2012 kom det ei anonym gåve på kr. 200 000,- til Fjellkyrkja, noko vi er svært takksame for.
Ved årsskiftet 2016-2017 har vi om lag kr. 350000,- på kontoen.
Det kan nemnast at Feltspatkompaniet har gjeve 3 tomter vederlagsfritt til Tokke kyrkjelege fellesråd. Tokke kommune har også gått inn for å sei i frå seg ein viss sum pengar kommunen får for kvar tomt som vert seld. Vilkåret er at pengane frå eit eventuelt tomtesal skl gå til innreiing av kjellaren. Tomtene ligg i nærleiken av Fjellkyrkja.
Dersom det er interesse for å vurdere kjøp av ei tomt, ta kontakt med kyrkjeverja.

Styret i 2017-2018

Leiar: Gunstein Seltveit
I styret elles: Andreas Haugholmen
Gunn Haldis Gaastjønn
Tarjei Kjestveit
Åsmund Stenseth
Trond Gaastjønn
Frauke Wiens

Vara: Venke Bakke , Anne-Grete Seltveit og Britt Eide Lio
Anne Lise Arneberg gjekk ut. Takk for flott arbeid!

Ny kyrkjeklokke i 2015

Den nye klokka vart innkjøpt frå Nauen klokkestøperi i Tønsberg. Den veg ca. 50 kg, så 4 mann brukte ca. ein dag på å få klokka montert i klokketårnet. Lyden var heilt fantastisk god. Den gamle klokka som var ei gamla stabbursklokke frå Røros, skal nå bli nytta nede i Kulturhuset på Dalen. Dette vert også nytta til gudstenester.
Takk til Trond Gaastjønn, Andreas Haugholmen, Rune Haugen og Gunstein Seltveit for godt utført arbeid!

IMG_3505

Ny trapp opp til hemsen!
Takka vere ei stor gåve som var øyremerka trapp opp til hemsen, har vi nå fått Kleppo Trevare til å lage ei ny trapp med repo. Den vert montert den 18. og 19. mai.
Dersom nokon er interessert i å kjøpe den stigen som har gjort nytten til nå, ta kontakt med Kyrkjekontoret i Tokke. Stigen ligg ute på Finn.no til kr. 2000,-

2015-05-19 10.57.01  Stigen

2015-05-28 19.59.59 Den nye trappa

G.S

I 2017 fekk Fjellkyrkja ei storarta gåve frå glade gjevarar i frå Seljord. Vi fekk eit analogt lydanlegg med miksebord, mikrofonar, mikrofonstativ, høgtalarar på stativ, notestativ og kablingsmateriell. Miksebordet står oppe på hemsen, og då vi også kjøpte inn trådlaus  mikrofon og øyremikrofon, blei dette eit komplett og vært godt anlegg.
Stor takk til dei som gav oss dette!

G.S.