2017

DETTE HENDE I FJELLKYRJKA I 2017:

Laurdag 4. februar frå kl. 1200
Konfirmantane i Tokke og Vinje møtast til ulike aktivitetar:

Eilev Erikstein snakkar om diakoni
Tore Thomassen disponerer kvelden
Andre: Bjørn Nome og Gunstein Seltveit

 Frå leiren februar 2016

Sundag 5. februar kl. 1100
Gudsteneste i Tokke kulturhus ved Bjørn Nome og Tore Thomassen
Konfirmantane og elles alle er hjarteleg velkomne!


Fredag 17. februar kl. 1900

«Ein lyrisk og visuell bukett frå naturen»
v/Jon Ingebrigtsen og Jørgen Kasin
 Jon ingebrigtsen

  Foto: Jørgen Kasin

Det vert enkel servering
Høve til å gje ei gåve til Fjellkyrkja.

Velkomen til ein hyggeleg kveld!

Arr: Fjellkyrkjelaget

 

Sundag 26. februar kl. 1100
Sportsgudsteneste v/Bjørn Nome
Ofring til drift av Fjellkyrkja
Ymse ski og ake aktivitetar ute etter gudstenesta
Høve til å ta med seg noko å grille ute.
Servering av vaflar, saft og kaffi

 

Skjærtorsdag 13. april kl. 1300
BASAR
Trekking ca. kl. 1600
Kort andakt før trekkinga.
Vipps vert også nytta ved betaling
Sal av rjomegraut, smørgraut, pølser, kaker og kaffi
Velkomen innom Fjellkyrkja!
  Basaren 2016

Er takksame for gevinstar til basaren!

Basaren gjekk svært bra med god oppslutning. Takk til alle som gav gevinstar, som gjorde ein stor jobb før, under og etter basaren, samt alle som møtte opp. Det er takka vere basaren at vi får inntekter nok til å drifte Fjellkyrkja!
Særleg takk til Bjørnar og Tore Eivind som heldt andakten.

 
1. Påskedag sundag 16. april kl. 1900
Gudsteneste v/Tor Eivind Erikstein
Nattverd
Organist: Robertas
Saxofon: Helge Johannesen

Ofring til Fjellkyrkja

 

Laurdag 29. april kl. 1900

«Vårsong for deg og meg»
Dette er andre året på rad vi arrangerer ein kveld med dette temaet.
Igjen får vi besøk av Jan Haugen med fleire. Sist vår var det fullt hus i Fjellkyrkja, og det håpar vi på i år også.
Desse vert med:
Oddmund Haugen : lyrikk
Randi Strømsvik: vokal
Lina Haugholmen: vokal
Arne Bye: bass
Tor Helge Midtbø: vokal, gitar
Jon Geir Haugholmen: Vokal, gitar

Kollekt til Fjellkyrkja.
Velkomen store og små!
Enkel servering
Arr: Fjellkyrkjelaget

 Jan OddmundTor HelgeJon Geir

LinaArne

Randi

 

 

Sundag 25. juni
Fjellkyrkjestemnet
Kl. 1100  Gudsteneste v/Bjørn Nome
Matøkt: Lapskaus med kaffi og kaker oppe på Café Hallbjønn
Kollekt til Fjellkyrkja

Per og Monica de Lange som i 2016 fekk Bibelprisen vert med oss denne dagen. Dei er kjent for sin glade formidling av tekst og musikk.

Arrangør: Tokke kyrkjelege fellesråd og Fjellkyrkjelaget

 

Onsdag 13. september  kl. 1200
ELDRETREFFET
Denne dagen møtast folk frå aust og vest.
Hovudgjestene denne dagen er Sputnik og kona Vivian Storbukås

Det vert lapskaus med kaffi og kaker
Andakt
Ymse underhaldning
Påmelding grunna stor pågang til Olav Haugo i Byrte, tlf. 41191974

Arr: Pensjonistlaga på Dalen og Byrte/Mo samt Fjellkyrkjelaget.
Også Bygdeheimane i Valle og i Bykle er med.

 

Laurdag 23. september kl. 1900
KONSERT – JIM REEVES
Edgar Paulsen har turnert over heile landet med songar av Jim Reeves.
Denne gongen er det Skafsåheii Fjellkyrkje som får besøk av han.

Kaffi og sjokolade vert servert før konserten.

 Edgar Paulsen

Inngangspengar kr. 150,-

Arr: Fjellkyrkjelaget

 

Hausttakkegudsteneste sundag 8. oktober kl. 1100

Prest: Ruth Miriam Varhaug
Ofring til drift av Fjellkyrkja
Velkomen!

 

GLA’SONG KVELD

Laurdag 21. oktober kl. 1900
Gruppa «Fri Flyt» frå Seljord vitjar Fjellkyrkja med frisk song og musikk
Enkel servering
Kollekt til Fjellkyrkja
Velkomen!


Arr. Fjellkyrkjelaget

 

Adventstreff laurdag 25. november kl. 1800

Bjørnar Christensen vil synge salmer frå den nye salmeboka og fortelje litt om salmene.
Pianist er Robertas Lamsodis
Tokke skulemusikk/generasjonskorpset i Tokke deltek også.
Servering av julekake, pepparkake, saft og kaffi
Høve til å gje ei gåve til Fjellkyrkja
Velkomen til ein hyggeleg kveld i Fjellkyrkja!
Arr. Fjellkyrkjelaget

 

Gudsteneste
2. juledag kl. 1900
Prest: Tor Eivind Erikstein
Song av Lina Haugholmen akkompagnert av Tor Helge Midtbø og Jon Geir Haugholmen
Ofring til drift av Fjellkyrkja