2014

DETTE SKJEDDE  I FJELLKYRKJA  I  2014:

FOTOKVELD MED MYKJE ATTÅT
Fredag 31. januar kl. 1900

DSC_3207

Pensjonert prest Olav Jakob Tveit kjem for å syne bilete han har tatt. Tveit er kjent som «Fotopresten i Stryn». Han er mest kjent for sine naturbilete og fotoshow.

Det vil også bli song og diktlesing.
Mat og drikke vert servert.

Kollekt til Fjellkyrkja.

Velkomen til ei hyggeleg samling i mørketida.

Arr: Fjellkyrkjelaget

Konsert-gudsteneste sundag 9. februar kl. 1100

Dei som deltek er Tore Tomassen og prest Jarle Bryne
Kollekten vil vere med på å dekke utgiftene i samband med Tore Tomassen. Han har denne weekenden vore med konfirmantane i Fjellkyrkja.

Gudsteneste kl. 11 sundag 16. februar v/Øyvind Jørgensen
Dåp
Kollekt til Fjellkyrkja

 

Årsmøte i Fjellkyrkjelaget rett etter gudstenesta
Vanlege årsmøtesaker.
Kaffi og kake

Velkomen!

Styret

Laurdag 1. mars kl. 1900:

Konsert med Kim André Rysstad og Trym Bjønnes
kim andre rysstadtrym bjønnes

Kim André   er songar og kvedar frå Rysstad i Setesdalen. Han vert rekna som ein av dei beste mannlege songarane i landet. Han har henta inspriasjon frå pop, musical, country og folkemusikk.

Trym er frå Bykle. Han er låtskrivar, gitarist og artist.

I 2010 innleidde desse to eit samarbeid som har brakt dei til ulike konsertsalar i inn og utland. Båe to har opptrådd i ulike TV program, bl.a. Beat for Beat og Melodi Grand Prix.

Inngangspengar kr. 150,-   Born gratis

Kaffi og konfekt før konserten!

Velkomen til ein spanande kveld i Fjellkyrkja!

Arr.: Fjellkyrkjelaget

Skjærtorsdag 17. april: Basar kl. 1300-1700
Det vert sal av smørgraut, rjomegraut, pølser, kaffi og kaker.
Flotte gevinstar.
Reknar med at trekkinga startar ca. kl. 1600
Kort andakt før trekkinga.

Langfredag 18. april: Gudsteneste   Merk tida: kl. 1900

 

Sundag 22. juni: Fjellkyrkjetreff
Gudsteneste kl. 1100
Matøkt  Vi har fått tilbod om servering av lapskaus, kaffi og kaker på Hallbjønn Turistsenter. Det vil koste kr. 150,- pr. person. Då står lapskausbollen på bordet slik at folk kan forsyne seg fleire gonger! Håpar dei fleste vil takke ja til dette tilbodet.
Etter maten får vi glade tonar frå ein trio frå Kristiansand: Helge Johannesen saxofon og klarinett, Roald Korsvik piano og trekkspel og Arthur Coldal på elektrisk bass.
Desse vil spele «lette toner», bedehussongar av Åge Samuelsen og Lina Sandell. Det vil bli fortald litt om personane mellom songane.

Eldretreffet vert onsdag 27. august kl. 1200
Lapskaus vert brakt ned frå Hallbjønn Turistsenter. Den kostar kr. 75,- Det vert også servert kaffi og kaker. Til saman vil det koste kr. 100,- pr. person. Av dette går kr. 25,- til Fjellkyrkja. Dersom nokon ynskjer å gje meir, er det høve til det.
Program vidare:
Andakt v/Øyvind Jørgensen
Song av Krosslimusikken, Herdis og Øyvind Jørgensen og Joachim Hees
Litt lettare underhaldning
 

Påmeldingsfrist er sett til 15. august
Kontakt Tone Blomhaug tlf. 97522936 eller Anny Handeland tlf. 350 77699 dersom du er frå Tokke, og Gunhild Espetveit på tlf. 98068783/37937249 dersom du er frå Setesdalen

Dette treffet er eit samarbeidsprosjekt mellom pensjonistlag i Tokke og bygdeheimane i Valle og Bykle  der kontaktpersonen er Gunhild Espetveit

KONSERT fredag 19. september kl. 1900

Johnny Cash på nynorsk!
Dette vert fyrste gong vi får høyre gruppa synge Johnny Cash på nynorsk!
Desse medverkar:
Sindre Løvik: gitar/vokal
Jan Haugen: gitar/vokal
Tor Erik Trøite: slagverk
Arne Bye: bass

Kaffi og konfekt før konserten
Kollekt.
Velkomen!

johnnycash_liw_02

 

Arr: Fjellkyrkjelaget

Svært flott konsert, der heile 120 personar kom innom for å høyre Cash på nynorsk. Det var heilt spesielt å få servert tekstane på eit mål som alle forstod. Musikken var originalutgåva!

 

 

Merk!!!
Laurdag 4. oktober kl. 1900

Gudsteneste i Fjellkyrkja v/vikarprest Audun Myhre
Ofring til Fjellkyrkja.
Velkomen.

 

 

 

Laurdag 11. oktober kl. 1800
Gladsangkveld med gruppa «Salig Blanding» frå Heddal

Desse medverkar:

Elisabeth Berget: vokal, synt, piano
Sondre Berget: vokal, mandolin, gitar
Anne Jorunn Berget: lydtekniker
Olav Berget: vokal, gitar, dobro (eit gitarliknande instrument)
Gudmund Rock Jonskås: bass, vokal
Kollbjørn Evensen: trommer, munnspel, fele, vokal
Ragnar Engebretsen: gitar, vokal, steel-gitar

Gruppa spelar frisk musikk, og har også skrive og komponert eigne songar. Dei spelar ei blanding av country og bluegrass.

Enkel servering
Kollekt til Fjellkyrkja
Velkomen til ei hyggeleg samling denne oktoberkvelden!

Salig Blanding 2

Arr.: Fjellkyrkjelaget

Igjen fekk vi oppleve ei gruppe som gav oss mykje i form av musikk, song og gode vitnesbyrd. Her var det  mykje glede å spore. Det smitta over på dei 55 som hadde tatt vegen til Fjellkyrkja denne laurdagskvelden.

salig blanding fjellkyrkja

 

Kviteseid Soul Children held konsert
Laurdag 22. november kl. 1800 i Fjellkyrkja.
Markering av at «Ungdomsklubben 10-16» har 40 års jubileum.

Det vert servert mat og drikke i pausa.
Gratis inngang!

Vi ynskjer særleg velkomen alle tidlegare og nåverande medlemar av «Ungdomsklubben 10-16»

Det vert høve til å gje ei gåve til «Ungdomsklubben 10-16″

Arr: Ungdomsklubben 10-16»

FØRJOLSTREFF onsdag 3. desember kl. 1800

Vi må dessverre avlyse konserten med Bodil Victoria Arnesen og Paal Andre Grinderud av di Paal må ta ein hjarteoperasjon. Den har kome brått på. Dei vil gjerne kome att ved eit seinare høve.

Gruppa «Fri Flyt» frå Seljord kjem med mykje frisk song og musikk!

Vi vil servere jolekake, kringle, pepparkaker og kaffi.

Det vert høve til å gje ei gåve til Fjellkyrkja.

Sanggruppa Fri Flyt ny

Velkomen!

 

Arr: Fjellkyrkjelaget

«

2. joledag: Gudsteneste kl. 1900
Prest: Jarle Bryne
Ofring til Fjellkyrkja

 

 

Vi tek i mot tips om aktuelle aktørar som kan vere interessert i å vere gjest i Fjellkyrkja. Det kan vere innanfor musikk, song og andakt.
Ta kontakt med ein av oss som sit i styret i Fjellkyrkjelaget.