2013

DETTE SKJEDDE  I FJELLKYRKJA  I  2013:

Fredag 25. januar kl. 1800

Fotokveld med ljosbilete etter Aksel Hanson.

Dikt, song, mat og drikke

Kollekt til Fjellkyrkja

Velkomen til ein hyggeleg kveld!

Arr: Fjellkyrkjelaget

Sundag 3. februar kl. 1100

Gudsteneste v/Jarle Bryne

Ofring til Fjellkyrkja

Dåp

Fredag 15. februar kl. 1800

Konsert v/Hans Inge Fagervik

Inngangsbillett kr. 100,. Born gratis

Velkomen!

Arr: Fjellkyrkjelaget

 

Sundag 24. februar kl. 1100

Familiegudsteneste v/Øyvind Jørgensen

Helge Johannesen vert med på saxofon

Dåp

Ofring til Fjellkyrkja

Årsmøte for Mo, Skafså og Eidsborg sokneråd etter gudstenesta. Før årsmøtet vert det ei matøkt der ein også kan grille pølser ute dersom det er høveleg ver.

Skitrekket er opent for dei som har lyst til å ta turen bort i bakken etter gudstenesta. Elles flotte oppkøyrde skiløyper i nærområdet.

Open kyrkje 3. mars, 10.mars og 17.mars

Desse sundagane vil kyrkja vere open for alle som ynskjer å stikke innom for å få seg kaffi og vaflar. Kyrkja vil vere open frå kl. 1300 til kl. 1600.

Det er oppkjørt flott skiløype heilt inntil kyrkja. Den står i samband med det skinettet som Løypelaget har kjørt opp.

 

Fredag 15. mars kl. 1900

Årsmøte i Fjellkyrkjelaget med årsmøtesaker.

Bed om at saker som skal drøftast vert sendt til styret minst ei veke i førevegen

Enkel kveldsmat på ståande buffé

Bare medlemar har røysterett.

Du kan bli medlem for 2013 ved å betale kr. 100,- inn på kontonr. 2685.55.02150

28. mars  Skjærtorsdag kl. 1300-1600

BASAR

Trekninga startar kl. 1600

Sal av smørgraut, rjomegraut, pølser, kaffi og kaker

Basaren er til inntekt for drift avFjellkyrkja, samt innreiing av kjellaretasjen.

Kort andakt v/Øyvind Jørgensen

Gevinstar vert tatt i mot med takk!

Takk til alle som var med på å avvikle basaren på ein svært god måte. Likså takk til alle dei som kom for å støtte opp om Fjellkyrkja sitt arbeid. Det kom inn brutta kr. 61500,-. Netto vert det ca. kr. 55000,- Dette er vi svært glade for.

Langfredag 29. mars

Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne

Helge Johannesen vert med på saxofon

 

Fjellkyrkjetreff sundag 16. juni

Gudsteneste kl. 1100 v/Øyvind Jørgensen

Matøkt

Etter matøkta vert det mykje song og musikk ved Øyvind og fleire av hans nevøar og familie.

Velkomen til ei triveleg samkome!

Arr.: Kyrkja og Fjellkyrkjelaget

 

Fjellkyrkjetreffet vert i år tidlegare enn før, nemleg sundag 16. juni. 

Kl.  1100 vert det gudsteneste ved Øyvind Jørgensen.

Matøkt der det vert høve til å kjøpe varm mat, samt kaffi og kaker.

Etter maten vert det på ny ei samling der vi får høyre mykje sang og musikk.

 

004

Arild3Arild     Gudbjørn1 Gudbjørn Kaare  Kaare

Dei tre brørne Bordøy er alle syskenbarn av prest Øyvind Jørgensen, som song duett med Kaare i unge år. Desse fire, og kanskje fleire, vil ha eit song- og allsongprogram denne dagen. Alle fire har drive med song og musikk sidan dei var fyrst i tenåra.

Det vert song og musikk frå ulike tider og tradisjonar.

VELKOMEN!

Laurdag den 29. juni kl. 1900 i Fjellkyrkja: KONSERT

Organist Robertas saman med fleire musikarar frå Litauen vil denne kvelden ha ein klassisk konsert. Robertas er sjølv frå Litauen, men er nå organist i Vinje og Tokke. Han får besøk av ein del musikalske vener, og har vald å halde konsert i Skafsåheii Fjellkyrkje.

Inngangsbillett kr. 100,-

Born gratis

07 28_095r-crop Nuotrauka dame Robertas

 

Simone, Vytenis og Ugnius er i tillegg til Robertas høgt utdanna musikarar. Dei er svært godt kjent i Litauen, og har deltatt i internasjonale musikk tevlingar med stort hell. Desse 4 musikantane vil delta med sang, fløyte, piano og obo.

Konserten vil innehalde bl.a. verk av J.S. Bach, G.F. Händel, L. Vinci, R. Schumann, G. Faure og J.E. Massnet

 

ELDRETREFF

Det årlege eldretreffet finn stad onsdag 28. august kl. 1100 i Fjellkyrkja.

Då møtast eldre frå Setesdalen og Tokke.

Programmet denne dagen vert :

Servering av lapskaus, kaffi og kaker

Andakt

Song og spel v/Ånund Lund frå Valle

Song og musikk v/ Herdis Jørgensen

Quiz med dialektord v/Gunnhild Espetveit frå Valle

Grunna mat vil vi ha påmelding, frist innan 18. august til Gunnhild Espetveit tlf. 980 68 783 eller e-post gunnhildesp@valle-rysstad.com, eller til Gunstein Seltveit tlf. 901 70 465 eller e-post gunstein@seltveit.no

Vi tek kr. 100,- for serveringa, elles vert det høve til å gje ei gåve til Fjellkyrkja.

Kontaktpersonar for arrangementet er Gunnhild Espetveit, Valle og Gunstein Seltveit, Skafså

Det vart ei enorm interesse for å vere med på Eldretreffet. Heile 97 personar fekk plass rundt borda, og mat vart det til alle. Spørjetevlinga om dialektord frå Setesdalen og Telemark slo ann. 3 bord klarte fullt hus, og Gunhild vart imponert.
Gunstein heldt ein kort andakt. Ånund Lund imponerte også med si djupe røyst og fine songar. Det gledde oss også at det kom folk heilt frå Hovden, Kviteseid og Vrådal.

KONSERT/LYRIKK/SONG LAURDAG 21. SEPTEMBER KL. 1900

Vi får besøk av lyrikaren Oddmund Haugen, songaren Cecilie Schilling og forfattar, lege, musikar og komponist Magnar Kleiven. Desse vil bidra til at vi får ein svært triveleg kveld saman. Det vil også bli ein del allsong.

Servering av kaffi og Twist før konserten.

Inngangspengar kr. 100,-

Born: gratis

Oddmund HaugenCecilie SchillingMagnar Kleiven Frå øvst til venstre: Oddmund, Cecilie og Magnar

 

Arr: Fjellkyrkjelaget og Den Kulturelle Spaserstokken v/Tokke kommune

Dette vart nettopp den opplevinga vi hadde håpa på. Dei 47 betalande som kom til Fjellkyrkja denne kvelden kunne ikkje fullrose aktørane for innleving og god formidling, både i form av diktlesing, song og musikk. Samspelet fungerte heilt topp!

EIDSVÅG KVELD I FJELLKYRKJA

Fredag 4. oktober kl. 1900

Velkomen til ein kveld der vi får høyre mange songar som Bjørn Eidsvåg er kjent for. Med prosjektor og lerret vil også publikum få høve til å synge med på ein del av songane.

Desse kjem : Hallvard Jørgensen gitar/vokal, Sverre Solvang bass, Sigrunn Kvamme vokal, Robertas Lampsodis piano, Jan Gunnar Haugen gitar/vokal.

Kaffi og kaker

Kollekt til Fjellkyrkja

Arr: Fjellkyrkjelaget

Ca. 85 kom for å høyre 5 opplagte musikarar og songarar som framførte songar av Bjørn Eidsvåg. Sidan Hallvard fyllte 30 år denne dagen, hadde foreldra stilt opp med svær marsipankake som alle fekk smake.  

SUNDAG 6. OKTOBER

Gudsteneste kl. 1100

Gudstenesta var ved Øyvind Jørgensen. Heile 3 barnedåpar og over 90 i kyrkja denne sundagen.


Nytt Førjolstreff
Onsdag 18. desember kl. 1800

NB: Vi måtte avlyse treffet som skulle ha vore den 5. desember grunna storm og straumbrot.

Ellen Iris Lindvåg og Tarjei Johre har hovudansvaret for denne kvelden. Det vert lyrikk, opplesing og mykje song og musikk av fleire utøvarar.
Allsong
Servering av jolekake og pepparkaker samt kaffi og saft
Kollekt til Fjellkyrkja.
Velkomen til ein triveleg førjolskveld!

Arr.: Fjellkyrkjelaget

 

Gudsteneste 2. joledag kl. 1900

Prest: Øyvind Jørgensen
Organist: Teresa Zuchowicz

Ofring til Fjellkyrkja