2012

DETTE SKJEDDE  I FJELLKYRKJA  I  2012:

Fredag 27. januar kl. 1830  (merk tida)

TEMAKVELD: NATUREN I DIKT OG BILETE v/Mathias Nordaberg Larsson
Kaffi og kaker vert servert.
Kollekt til Fjellkyrkja.

MERK:   ÅRSMØTE I FJELLKYRKJELAGET RETT ETTER TEMAKVELDEN

Laurdag 4. februar
Konfirmantane skal tilbringe heile dagen i og ved Fjellkyrkja.
Mykje skileik og skigåing.

Arr: Den norske kyrkja

KONSERT v/Kjell Elvis Bjørnstad frå Lyngdal
Laurdag 25. februar kl. 1800
Inngangspengar: kr. 100,-
Born gratis

Hald av denne kvelden i Fjellkyrkja!

Arr: Fjellkyrkjelaget og Folkeakademiet i Tokke.

Det vart ein flott konsert med ca. 120 frammøtte. Det var høg stemning frå fyrste sekund. Vi fekk oppleve ein gnistrande opplagt Kjell Elvis. Mellom songane fekk vi også klare og gode vitnesbyrd on hans kristne tru. Takk for besøket, Kjell Elvis!

 

 

Sundag 26. februar
Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Dåp

Sang av Marianne og Elisabeth
Ofring til Fjellkyrkja
Merk: Skileik etter gudstenesta med grilling ute.  Ta gjerne med noko å grille. Salg av kaffi og vaflar

OPEN KYRKJE

Desse sundagane er Fjellkyrkja open: 4. mars, 11. mars, 18. mars og 25. mars.
Då kan du stikke innom for å få deg ein varm kopp kaffi og nysteikte vaflar.
Opningstid mellom kl. 1200 og kl. 1700.
Skiløype fram til kyrkja.

 

Ansvarleg: Gunn Halldis Gaastjønn

 

SKJÆRTORSDAG 5. APRIL
BASAR
Vi startar kl. 1300 og trekker ca. kl. 1600
Vi tek gjerne i mot gevinstar
Sal av smørgraut, rømmegraut, kaffi, vaflar  og kaker.
Arr.: Fjellkyrkjelaget

PÅSKEAFTEN
Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Dåp
Ofring til Fjellkyrkja

FJELLKYRKJETREFF
Sundag 24. juni
Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Etter gudstenesta vert det sal av betasuppe, kaker og kaffi.
Ca. kl. 1330  Song av songgruppa Godt Nytt  frå Øyfjell. Den kjente målaren Reidar Kolbrek, som også er med i songgruppa, vil ta med seg måleri og fortelje om dei.

Arr.: Den norske kyrkja og Fjellkyrkjelaget


ELDRETREFF
Onsdag 5. september kl. 1100 møtast eldre frå Tokke, Valle og Bykle i
Skafsåheii Fjellkyrkje.
Andakt v/sokneprest i Valle Terje Seilskjær
Song av Herdis Jørgensen
Allsong
Betasuppe, pølser og rundstykke, kaffi og kaker vert servert.
Underhaldning
Kollekt til Fjellkyrkja

Velkomen!

Arr: Fjellkyrkjelaget, Pensjonistlaga på Dalen og på Åmdals Verk, Valle kyrkjelyd v/Gunnhild Espetveit og Valle bygdeheim v/Gunnlaug Tveiten

 

Laurdag 29. september kl. 1800
Glad’sang kveld med Dag Arne Saltnes frå Karmøy.
Han er glad i country, blues, viser, salmer og
 særleg songar av Åge Samuelsen
Allsong
Desse vert med oss under allsongen: Karl Bastiansen på trekkspel, Helge Johannesen på saxofon og Øyvind Jørgensen på clavinova.

Kaffi og kaker
Kollekt.

Les meir om Dag Arne Saltnes her

Denne kvelden var 80 personar innom kyrkja og fekk med seg ei oppleving av dei sjeldne. Her opplevde vi ein sprudlande og glad trubadur som fekk smilet fram hos oss alle. Det veksla mellom alvor og skjemt, og allsongen var noko av det beste vi har høyrd i Fjellkyrkja sidan den var innvigd i 2009. Moro å oppleve at musikantane, som ikkje hadde øvd saman, verka så samstemte at ein skulle tru det var eit gamalt husorkester. Tilmed Dag Arne kunne tenkje seg å kome attende ved eit seinare høve. Det ser vi gjerne skal skje!

 

Sundag 7. oktober
Gudsteneste kl. 1100 v/Øyvind Jørgensen
Hausttakkefest der frukt og grønnsaker frå årets avling vert lagt fram, og vil bli servert etter gudstenesta.
Organist: Tarjei Johre

Kollekt til Fjellkyrkja


Fredag 16. november kl. 1900

Konsert med Ingvild Lilletvedt Nordstoga og organist Robertas, båe frå Vinje.

Konserten har fått namnet  «11 kvinner og ein by», og omhandlar ulike kvinner som har inspirert Ingvild til å skrive songar om dei.
Inngangsbillett:  Vaksne kr. 150,-   Born gratis


 

 

 

 

Førjolstreff  fredag 14. desember kl. 1800

Det vert mykje allsong. 
Song av jentegruppa MSM (Åsne Midtbø, Johanne Seltveit, Mia Midtbø)
Song av Herdis og Øyvind Jørgensen

Dikt/opplesing v/Anne Marie Brokka

Desse medverkar også: Stein Otto Byggstøyl gitar, Øyvind Jørgensen og Anne-Grete Seltveit tangentar, Helge Johannesen saxofon, Gunstein Seltveit trekkspel

Andakt v/Øyvind Jørgensen

Julekake, pepparkaker, clementiner, kaffi og saft

Kollekt til Fjellkyrkja

Velkomen til ein triveleg førjolskveld
Arr.: Fjellkyrkjelaget
2. joledag kl. 1100
Gudsteneste
Kollekt til Fjellkyrkja