Program

 

DETTE SKJER I FJELLKYRKJA  I  2012:

 

Fredag 27. januar kl. 1830  (merk tida)
TEMAKVELD: NATUREN I DIKT OG BILETE v/Mathias Nordaberg Larsson
Kaffi og kaker vert servert.
Kollekt til Fjellkyrkja.

MERK:   ÅRSMØTE I FJELLKYRKJELAGET RETT ETTER TEMAKVELDEN

Laurdag 4. februar
Konfirmantane skal tilbringe heile dagen i og ved Fjellkyrkja.
Mykje skileik og skigåing.

Arr: Den norske kyrkja

KONSERT v/Kjell Elvis Bjørnstad frå Lyngdal
Laurdag 25. februar kl. 1800
Inngangspengar: kr. 100,-
Born gratis

Hald av denne kvelden i Fjellkyrkja!

Arr: Fjellkyrkjelaget og Folkeakademiet i Tokke.

Det vart ein flott konsert med ca. 120 frammøtte. Det var høg stemning frå fyrste sekund. Vi fekk oppleve ein gnistrande opplagt Kjell Elvis. Mellom songane fekk vi også klare og gode vitnesbyrd on hans kristne tru. Takk for besøket, Kjell Elvis!

 

 

Sundag 26. februar
Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Dåp

Sang av Marianne og Elisabeth
Ofring til Fjellkyrkja
Merk: Skileik etter gudstenesta med grilling ute.  Ta gjerne med noko å grille. Salg av kaffi og vaflar

OPEN KYRKJE

Desse sundagane er Fjellkyrkja open: 4. mars, 11. mars, 18. mars og 25. mars.
Då kan du stikke innom for å få deg ein varm kopp kaffi og nysteikte vaflar.
Opningstid mellom kl. 1200 og kl. 1700.
Skiløype fram til kyrkja.

 

Ansvarleg: Gunn Halldis Gaastjønn

 

SKJÆRTORSDAG 5. APRIL
BASAR
Vi startar kl. 1300 og trekker ca. kl. 1600
Vi tek gjerne i mot gevinstar
Sal av smørgraut, rømmegraut, kaffi, vaflar  og kaker.
Arr.: Fjellkyrkjelaget

PÅSKEAFTEN
Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Dåp
Ofring til Fjellkyrkja

FJELLKYRKJETREFF
Sundag 24. juni
Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Etter gudstenesta vert det sal av lapskaus, kaker og kaffi
Ca. kl. 1330  Song av songgruppe frå Øyfjell. Den kjente målaren Reidar Kolbrek, som også er med i songlaget, vil ta med seg måleri og fortelje om dei.

Arr.: Den norske kyrkja og Fjellkyrkjelaget


ELDRETREFF
Onsdag 5. september kl. 1100 møtast eldre frå Tokke, Valle og Bykle i
Skafsåheii Fjellkyrkje.
Andakt v/sokneprest i Valle Terje Seilskjær
Varm mat, kaffi og kaker vert servert.
Underhaldning
Kollekt
               Velkomen!

Arr: Fjellkyrkjelaget, Pensjonistlaga på Dalen og på Åmdals Verk, Valle kyrkjelyd v/Gunnhild Espetveit og Valle bygdeheim v/Gunnlaug Tveiten

 

 KONSERT v/DAG ARNE SALTSNES
Laurdag 29. september kl. 1800 får vi besøk av ein kar frå Karmøy.  Det er ein allsidig musikar som likar å framføre songar av Åge Samuelsen. I tillegg er han glad i viser, country og salmer.   Han vil krydre programmet med sin lune humor.

Kollekt.

Hjarteleg velkomen til ein hyggeleg kveld i Fjellkyrkja!

Arr.:  Fjellkyrkjelaget

Comments are closed.